Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen.no med eigen blogg

Todalen.no med eigen blogg

Elinor Bolme Tysdag 16. mars 2010

Innan kort tid vil todalen.no opprette sin eigen blogg. Dette etter innspel frå utflytta todaling Gjermund Moe. Han fekk difor utfordringa frå redaksjonen om å organisere deler av dette initiativet, og tok det på strak arm.

Ut i frå dette har han dermed kontakta ein utflytta todaling og spurt om han kunne tenkje seg å skrive litt om livet utanfor heimbygda. For å få ein viss kontinuitet i dette vil den som sist har innlegg, utfordra den neste som skal levere inn ei skildring til oss lesarane.

I starten vil vi prøver å få til dette ein gong i månaden, og håpar at dei som blir kontakta av Gjermund underveis stiller seg positive til påfunnet.

Ellers kunne vi i redaksjonen og ha tenkt oss at nokon tok utfordringa med å skrive blogg, som det så nymotens heiter. Mange kan kanskje lure på kva i all verda som det skal skrivast om, men her er det i grunnen berre fantasien som set grenser. I desse dagar er no både tunnel og snøfall aktuelle ting mange har tankar om for eksempel. Uansett, støtande og direkte angrep mot andre vil nok ikkje bli sleppt på trykk. Fullt namn er og ei forutsetning.

Så er det nokon som har eit eller anna dei vil dele med oss er det no ope for det. Og dette er slett ikkje berre for todalingar, er det nokon andre som har lyst til å krydre kvardagen til lesarane på todalen.no er dei hjarteleg velkomne til det!

Frå wikipedia kan ein lese: «Noen blogger er rene dagbøker for bloggskribenten. Andre kan være vinklet mot et bestemt tema eller en profesjon, eller en blogg kan ha et kunstnerisk uttrykk. Blogger gjør også ofte utstrakt bruk av pekere til andre nettsteder og ikke minst til andre blogger».

 

 

Først publisert: 16. mars 2010, 09:00 - Sist oppdatert: 18. mars 2010, 12:54