Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen.no – kvar einaste dag, og inn i framtida?

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2019

Stig Husby er styreleiar i Todalen.no på 2. året, og begynner no å bli varm i trøya.  Eit lite underskot i 2018 sette eit lite støkk i styreleiaren, og gjer at styret no set i verk tiltak for å sikre årets budsjett og for å legge eit betre økonomisk fundament for framtida. – For ein ting er sikkert, seier Husby, og det er at nyheiter kostar.  Det kostar pengar å drive nyheitsformidling, sjølv om det meste av arbeidsinnsatsen har eit sterkt dugnadspreg. No oppfordrar styret i Todalen.no dei 1300 daglege lesarane til å bli med som støttemedlemar – og det kostar ikkje meir enn ein 200-lapp for året!

Det er nemleg frivillige lag og organisasjonar, samt ein del bedrifter i Todalen og Surnadal som eig Todalen.no, og som støttar økonomisk gjennom sine medlemskap. Medlemsavgifta er pr i dag  1800 for frivillige lag og organisasjonar og 2800 for kommersielle medlemmar. Mange har sett kor viktig dette tilbodet er og bidreg med vesentleg meir enn minstesatsane. Todalen.no driv ikkje med annonsesal slik som andre media, men satsar på at frivillige bidrag frå dei tre medlemsgruppene skal skaffe nok inntekter til drifta.

Vi treng derfor di støtte til å halde liv i slagordet vårt som er » Todalen.no -kvar einaste dag», seier styreleiar Stig Husby, som hermed oppfordrar deg som ein av dei 1300 daglege lesarane til å være med og bidra for å halde hjula i gang.  Todalen.no er no inne i 10. driftsår og har oppgjennom åra sikra seg ein solid plass i nyheitsbiletet.  Todalen.no planlegg ei skikkeleg markering av 10-årsjubileet som skjer laurdag 10. august. Styret held foreløpig korta tett til brøstet, men styreleiaren lovar ei skikkeleg markering og ber deg halde av datoen.

Lokale nyheiter er det viktigaste produktet vi har, og kanskje er nyheiter som andre media ikkje bryr seg om dei aller viktigaste, meiner Husby. – At du får servert nyheitene utan bli forstyrra av annonsar er også eit privilegium for deg som lesar, og det er det mange som set pris på.  – Dette er bygdemobiliseringstiltak av beste sort, og er med å gjer det triveleg å bo her på landsbygda, og da er lokale nyheiter og ein god informasjonskanal ein viktig del.

Bli med som støttemedlem du og!
Det er enkelt å bli støttemedlem på Todalen.no.  Aller enklast er det å bruke Vipps og betale kr 200 til Vipps nr 107600 Todalen.no.  Eller du kan bruke nettbanken og betale kr 200 til bankkonto 4040 15 70219.

 

Publisert: 22. mars 2019, 05:00