Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen.no i ny drakt

Ole Petter Talgø Torsdag 7. november 2013

Du ser kanskje noko nytt no? Noko uvant? Ikkje fortvil, du er komme til Todalen.no. No har vi endeleg fått oppdatert både designet og publiseringssystemet til Todalen.no. Det er over fire år sidan vi lanserte Todalen.no, før vi visste kva ein iPad var og før vi sjekka lokalnyheter på mobilen på bussen. Det var på tide å få Todalen.no klar for den nye tiden.

Til ein IT-utviklar kunne eg sitte lenge og forklara alle problema vi hadde med første versjon av Todalen.no etter kvart, men dei tekniske detaljane skal eg ta med spesielt interesserte. Det du treng å vite er at vi no har langt større frihet til å videreutvikle og modifisere Todalen.no både utseendemessig og funksjonelt. Eg skal oppsummera noko av det nye du finn i den nye versjonen av Todalen.no.

Det første og aller viktigaste er at vi endeleg har ein versjon som er såkalla responsiv. Dette betyr at uansett om du brukar mobiltelefonen, en iPad, TVen eller en PC for å besøke oss, vil du få en versjon av designet som er tilpassa størrelsen på skjermen din. På telefon vil du få større knappar og ein meny som ikkje tek for stor plass. Vi kan også forsikre deg om at du fortsatt har tilgang til alle funksjonane uavhengig av kva for duppedings du brukar.

Ein av dei mest populære sidene våre er arkivet over dagens bilete, og dette er noko vi har fokusert på å forbedre betrageleg. Om du går til arkivet nå, får du raskt oversikt over dei siste bileta, og når du ser på bileta kan du bruke musa eller piltastane for å navigere deg fram og tilbake.

Blant andre ting som har fått ei overhaling er aktivitetskalenderen og todalslista. Todalslista har enda ikke fått importert adressene som var registrert, men dette skal bli gjort i løpet av kort tid. Vêrvarslinga har også fått nytt design, ved at vi oppsummerer kvar dag i ei blokk som raskt gjer deg overblikk over veret dei neste dagane.

Vi vil forsikre deg om at deg om at alt du er kjent med fortsatt er her, sjølv om det kan vera litt uvant i starten med nytt design. Vi har prøva å bevare strukture, samtidig som vi forbedrar det vi kan. Har du tilbakemeldingar, og spesielt om du finn feil, noko som ikkje fungerer eller får feilmeldingar, ber vi deg varsle oss på e-post red@todalen.no. Nye system har ein tendens til å ha nokre barnesykdommar, og vi vil gjerne ha hjelp til å diagostisere desse så tidleg som mogleg.

Vi håpar du fortatt tek turen innom kvar einaste dag!

Publisert: 7. november 2013, 03:09