Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Mjølk: Viste fram nyfjøset

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. mai 2016

Onsdag inviterte Todalen Mjølk til omvisning i det nye mjølkefjøset på 2400 m2 som vart teke i bruk rett før jul. No er det aller meste på plass, og det var tid for å vise fram det nye moderne fjøset, eit opplegg dei hadde laga i samarbeid med leverandørane. Det er Fjøssystemer som har vore hovudentreprenør for det nye fjøset, men i tillegg er det bruka mest lokale leverandører i prosjektet. Mange tok turen til Pestua og Todalen for å sjå det nye mjølkfjøset onsdag ettermiddag….

Fjøssystemer har levert 2 mjølkerobotar til Todalen Mjølk. dei fungerer bra konkluderer Ståle Ansnes og Kjell Overskott frå fjøssystemer. Foto: Jon Olav Ørsal

Fjøssystemer har levert 2 mjølkerobotar til Todalen Mjølk. dei fungerer bra konkluderer Ståle Ansnes og Kjell Overskott frå fjøssystemer. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det nye mjølkefjøset er ei vidare utbyggjing av oksefjøset som vart bygd i 2007. Den gongen vart det investert 5.0 mill. i eit reint oksefjøs for mellom 2-300 okser, medan det i 2015 ble bygget ut til mjølkefjøs for eit stort hundretal mjølkekyr, og investert nye 11.0 mill kroner i bygg og innreiing.

Takking_9843

Tid for taler og gåver – her er det Fjøssystemer som takker for oppdraget. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det er Ståle G. Ansnes og Anders A. Karlsen som står attafor Todalen Mjølk DA, med 50% kvar. Det er kjøpt inn 4 besetninger på rundt 100 kyr, og selskapet har 900.000 liter i mjølkekvote. Tilsaman drifter selskapet eit areal på rundt 200 dekar for grasproduksjon, fortel Ståle Ansnes. Av dette arealet finns 1400 i Todalen og 600 utfor bygda, i Svinvika og i Lykkjebygda.

Det er altså Fjøssystemer som har hatt hovudentreprisen på fjøsbygget, der det er innstallert 2 mjølkeroboter som firmaet har levert. Tommy Lystad  som er serviesjef i Fjøssystemer fortel at firmaet har eit veldig gode relasjoner til familien gjennom levering av utstyr og bygg til både hønehus, oksefjøs og no altså mjølkefjøs i Pestua.  Som sagt er det i stor grad bruka lokale leverandører i prosjektet, der Møretre har stått er leverandør av element til bygget, medan AS Elektro har stått for elektroinstallasjon, Comfort Surnadal for VVS, Eik Sentret for gjødselutsyr og Midt-Norge Port for porter.

Sjå bildegalleriet med bilder av både folk og dyr i Pestufjøset.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. mai 2016, 20:18