To dagar på rad med travel start på dagen for Todalen Mjølk. I dag har dei hatt 3 traktorar ute på brøyting og da har det gått i eitt utover morgonen, fortel Ståle Ansnes i Todalen Mjølk. Dei har ansvaret for brøyting etter fylkesvegane frå Hauahyllå og innover til Todalen og rundt bygda. I tilleg har dei brøyting på kommunevegane til Ansneset og til Kårvatn – i tillegg til mange private vegar.
Ståle fortel at det kan være hektisk når det er store snøfall, og får du vind og fokk i tillegg kan det være utfordrande å halde vegane opne. Når det står på som vest blir det nok lange økter, det meste Ståle har køyrt er 36 mil på eit døgn – det blir faktisk ein tur til Hamar med traktor.