Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Mjølk bygger nye flatsiloar

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. april 2023

Det grøne skiftet påverka mange ting, ikkje minst i jordbruket, der både prisoppgang på driftmidlar og miljøkrav påverkar den daglege drifta.  Todalen Mjølk har teke affere av dette og legg om innhaustinga av gras til nytt system.  No blir dei kvite siloballane som har florert i tusental bytta ut med 3 store flatsiloar skal dekkje det meste av behovet.  Denne veka starta bygginga av siloane, og vi tok ein tur for å sjå…

Firma Steinar Myhre frå Skogn/Levanger skal sørge for monteringa av betonelementa som kjem frå Vinninga i Sverige. Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt skal det byggjast 3 flatsiloar på 10×50 meter som er 3 meter høge – ein for kvar av 1.-, 2.- og 3.-slåtten.  Dermed vil det meste av silioen bli lagt i flatsiloen, og Todalen Mjølk vil spare store summar i kjøp av plast, samtidig som miljøet også bli spart.  Men dette betingar litt omlegging av innhaustinga, som etter kvart blir gjort av ein ny sjølvgåande forhaustar som kjem hakk i hel med slåmasking og rive. Forhaustaren kjører graset direkte i tilhengaren som fraktar grast bort til siloen, der ein hjullastar sørger for fordeling i siloen og komprimering.  

Flatsiloane blir bygd i utkanten av fjøstomta til Todalen Mjølk i Pestua. Foto Jon Olav Ørsal

Men no er det altså full konsentrasjon om bygging av siloane, som bygges av betongelement som kjem frå Sverige.  Dei veg kvar 3300 kg, og 12 vogntog har frakta hit dei 96 elementa som skal brukes. 
– Det er Per E. Gjeldnes Maskin som har utført grunnarbeidet, og monteringsarbeidet er det firma Steinar Myhre frå Skogn/Levanger som skal stå for.  Etter at alle elementa er komne på plass og montert saman så skal det støypes gulv og lages oppsamlingsrenne og oppsamlinskum for silosaft. Det er plana at siloane skal være ferdig til å kunne tas i bruk til 1.-slåtten om ein månads tid.  

Oversikt over silotomta som skal gje plass til dei tre store flatsiloane. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. april 2023, 10:44