I år fyller Todalen Misjonsforening, «gammelforeninga», som ho også er kalla, 175 år, berre tre år etter at landsorganisasjonen «Det Norske Misjonsselskap (NMS) feira 175 år. Det er utruleg at det i 1845 vart starta ei misjonsforening i ei avsidesliggjande bygd som Todalen, ei av dei første i landet, og den første foreninga i bygda, som også var det einaste organiserte laget i meir enn tjue år.Heilt sidan foreninga starta har det stort sett vore halde regelmessige møter og ført nøyaktig møtebok og rekneskap over innkomne midlar til misjonens arbeid. Eit historisk og kulturelt klenodium.
Frå 1996 har foreninga for Misjonsselskapet samarbeidd med Sjømannsmisjonen (i dag Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet), ei forening som også er vel 110 år gammel.
Misjonsselskapsforeninga hadde i starten over hundre medlemar, kvinner og menn. I dag fungerer det som ei kvinneforening med få, men interesserte medlemar. Det er plass for mange fleire, sjølv om møta blir haldne i heimane. Foreninga hadde eit ambisiøst mål, med eit vidsynt perspektiv og store visjonar som vi i dag også ønskjer å føra vidare.
Første grunnregelparagraf lyder: «Foreningens Formaal er efter beste Evne at medvirke til Christendommens Utbredelse blant ikke Christne Folkeslag og tilmed at virke og nære Sansen hos seg selv og andre for Misjonens hellige Sag.»
Foreninga deler inntektene mellom arbeidet til Misjonsselskapet og Sjømannskyrkja.
Forutan eit stort arbeid i Norge med ca 2000 foreningar og lag for born, ungdom og vaksne, så har Det Norske Misjonsselskap arbeid i 15 land og område der det no er oppbygd store sjølvstendige kyrkjer med kyrkjelydar som samlar tusenvis til gudstenester, og som driv skular, sjukehus og diakonalt arbeid. Misjonsselskapet har også, som andre misjonsorganisasjonar, vore med på å gi lokale folkeslag skriftspråk og omset Bibelen til fleire språk. Todalen misjonsforening vil markera 175-årsjubileet med ein fest på Eidet bedehus laurdag 14.mars, der alle er velkomne.
Todalen misjonsforening
v/Einy Rendal Elgsæther, formann