Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Meieri AS får kjøpe skulen, og får forkjøpsrett på barnehagen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. mai 2024

I dag vedtok formannskapet i Surnadal kommune samrøystes at Todalen Meieri AS får kjøpe Todalen skule. Prisen dei må betale er 1 krone. Kommunedirektøren hadde i si innstilling til formannskapet innstilt på at Todalen Meieri AS skulle få kjøpe heile oppvekstsenteret, både skulen og barnehagen for 650.001 kroner, men dette sa altså formannskapet samrøystes nei til. 

Men formannskapet vedtok at Todalen Meieri AS får forkjøpsrett, til marknadspris når barnehagen eventuelt blir lagt ut for sal. Det var Gøran Bolme (Sp) som fremma forslaget som til slutt vart vedteke av formannskapet. Todalen Meieri AS overtek alle Surnadal kommune sine heftingar på eigedomen. 

Formannskapet sitt vedtak inneber vidare at det kan førast forhandlingar mellom Todalen Meieri AS og Surnadal kommune med tanke på å få på plass ein eventuell leigeavtale som sikrar tilstrekkeleg uteareal til dei planlagde aktivitetane i tilknytning til meieriet og til parkering. 

Barnehagen, leikeområdet og ballbingen vil etter formannskapet sitt vedtak framleis vere kommunal eigedom. 

 

Publisert: 7. mai 2024, 14:33