Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen kyrkje med i orgelstafetten til Vårsøghelga

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. mai 2024

Torsdag 23. mai er Todalen kyrkje med som ein del av orgelstaffetten som står på programmet for Vårsøghelga.  Det er eit samarbeid mellom Vårsøghelga, NTNU og Surnadal kyrkjelege fellesråd, og konsertane blir haldne i kyrkjene Mo, Åsskard, Todalen og Øye.  

Orgelstudentane i NTNU vil musisere i dei forskjellige kyrkjene etter følgande program:  I Mo kyrkje starter konserten kl 10:00, medan konserten i Åsskard startar kl 13:00 og i Øye kyrkje kl 15:00.  Her i Todalen er det start kl 13:00.  No kan altså folk i området få høre unge studentar som vil utfalde seg på instrumenta i kyrkjene.  

Orgelet i Todalen er fra 1932 og var da ei gåve frå «gullkongen» Fredrik Bruset.  Det vart levert av Brødrene Torkildsen frå Åsen i Trøndelag.  I 1995 utvida og ombygde Henrik Brinck-Hansen dette. No kling dermed både gamle piper fra 1932 og nye frå 1995.  Ikkje minst høver «romantisk» musikk godt her, seier gjestande organistar.  (Sitat Bernt Bøe.)

Altså – velkomne til orgelstafett  – du vel sjølv om du vil kome til Todalen kyrkje eller nokon av dei 3 andre – eller kanskje du vil få med deg alle konsertane?

 

 

Først publisert: 21. mai 2024, 04:00 - Sist oppdatert: 20. mai 2024, 21:20