No frå klokka 11:00 blir den digitale gudstenesta, som vart filma tysdag 9.februar, tilgjengeleg for våre lesarar. På den digitale gudstenesta er det Kristin Strand som er liturg medan Ronny Kjøsen er organist. Årets konfirmantar i Stangvik og Todalen sokn bidreg med lesing og song.
Gudstenesta kan du sjå her ved å trykke på lenka: Todalen kyrkje – digital gudsteneste
Det er kyrkjevaktmeister Oddvar M. Væge og organist Ronny Kjøsen som har filma gudstenesta. Så da er det berre å benke seg i godstolen og bli med på den digitale gudstenesta.