Gudstenesta på nettet må vel kunne oppsummerast som ein suksess. I skrivande stund på tysdags morgon er det 650 som har lasta ned linken og starta visning av nettgudsteneste frå Todalen kyrkje som vart vist på påskeaften. Det er 3-4 gong så mange som det er plass til i kyrkja.
Gudstenesta vart sendt på påskeaften kl 23, og det var vel såpass seint på kvelden at det var mange som ville vente til neste dag med å sjå overføringa. Linken til gudstenesta ligg nemleg ute, og det er enno ikkje for seint å sjå opptaket frå påskegudstenesta på nettet – her finn du linken for å sjå opptaket frå påskegudstenesta i Todalen kyrkje!