Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen IL tilpassar drifta si til dei nye nasjonale smitteverntiltaka

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. desember 2021

I kveld kom regjeringa med nye og strengare smitteverntiltak. Som ein direkte konsekvens av dei nye smitteverntiltaka, har styret i Todalen Idrettslag, bestemt å stenge Hett & Svett. Dette er gjort i tråd med dei nye smitteverntiltaka. Styret har også bestemt at Volleyball på tysdagar, i gymsalen ved Todalen skule, blir avlyst i den perioden dei nasjonale smitteverntiltaka gjeld. Dette fordi det er vanskeleg å overhalde «ein-metersregelen». 

Balleik for barn og unge på tysdagane (18:00 – 20:00) og torsdagane (18:00 – 20:00) vil derimot gå som normalt. Dette fordi dei nasjonale smitteverntiltaka tillet grupper på inntil 20 deltakarar på slike aktivitetar, og fordi det i realiteten her dreier seg om berre 3 kohortar, Todalen og Stangvik Oppvekstsenter, Surnadal barne- og ungdomsskule – barnetrinnet og Surnadal barne- og ungdomsskule – ungdomstrinnet. 

Todalen Idrettslag beklagar sjølvsagt dette, men vil samstundes på det sterkaste understreke at det er viktig å rette seg etter dei nasjonale smittevernreglane.

 


Medlem i Todalen.no –


  

Først publisert: 13. desember 2021, 21:14 - Sist oppdatert: 14. desember 2021, 08:04