Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen IL gav bort gåve frå SpareBank 1 Nordmøre

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. januar 2025

Med ski som valuta søkte Todalen Idrettslag med leiar Elinor Bolme i spissen Norges Skiforbund om å få vere med i tildelinga av åtte skipakkar frå SpareBank 1 gruppa. Skipakkane skulle idrettslaget gje vidare til Integreringa i Surnadal kommune.

For nokre dagar sidan fekk Elinor og idrettslaget den glade meldinga frå Norges Skiforbund og SpareBank 1 gruppa ved SpareBank 1 Noremøre om at søknaden var innvilga og at åtte skipakkar kunne overleverast til Integreringa i Surnadal 

Onsdag besøkte Elinor og representantar frå SpareBank 1 Nordmøre Integreringa i Surnadal for å overlevere dei åtte skipakkane. 

– Dette var ei fin gåve, som både Todalen Idrettslag og ikkje minst Integreringa sette stor pris på, seier Elinor. Stor takk til Norges Skiforbund, SpareBank 1 gruppa og SpareBank 1 Nordmøre for ei fin gåve som vil skape heilt sikkert vil skape glede!, legg ho til. 

Publisert: 30. januar 2025, 06:00