Laurdag 2. april mellom klokka 12:00 – 16:00 inviterer styret og driftsstyret i Todalen Idrettslag til dugnad på Bordholmen stadion. Klatrerommet skal vaskast og klargjerast for bruk. Det skal ryddast i redskapshuset slik at arbeidet med aktivitetsromet kan startast opp. I tillegg skal benkane køyrast ut og hol i vegen ned til Bordholmen fyllast med grus. Det er difor ønskeleg at den som har, tek med seg bilhengar, eller firhjuling med hengar.
Styret og driftsstyret oppfordrar folk til å møte opp på dugnaden, for å klargjere anlegget til ein ny sesong og for å kunne utvide aktivitetstilbodet, gjennom eit aktivitetsrom tilpassa barn og unge. Så ungdommen blir spesielt oppfordra til å bli med på dugnaden!
Det blir enkel servering!