Todalen IL står også i år som arrangør av to renn for Norges Skiforbund og randoneecup. Laurdag 18. februar er det individuell konkurranse, medan det søndagen er vertikal. Også i år er rennleiar Nils Ove Bruset, og han fortel at planlegginga er i startgropa med første møte no på torsdag.
I følge terminlista er begge renna sett til Kårvatn. I fjor var det vertikale rennet søndag lagt til Hallsetreita og Litjfjellet. Så langt er det ikkje klart om lokasjonen blir den samme fortel Nils Ove.
Meir info er lova etter kvart. Les meir om ren og påmelding på Skiforbundet.no