I ei melding, no i kveld, informerer styret i Todalen Idrettslag om at morgondagens årsmøte blir utsett til mai. Grunnen til utsettinga er dei nye nasjonale smittevernreglane, som inneber at alle arrangement som ikkje er strengt nødvendige skal avlysast.
Idrettslaget vil sende ut ny innkalling når dato for årsmøtet er fastsett. Dei reknar med dette vil vere mogleg i løpet av mai, men må avvente utviklinga i smittesituasjonen før avgjera blir teken om ny dato.