Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag og dei nye nasjonale smitteverntitltaka

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. desember 2021

I går kveld kom regjeringa med nye nasjonale smitterverntiltak. Styret i Todalen Idrettslag har med bakgrunn i desse tilpassa drifta si til dei nye smitteverntiltaka. Dette inneber at «Revyfesta» 3.juledag (27. desember) blir avlyst, medan «Romjulsmarsjen» går som normalt!

Barne- og ungdomsgruppa sine aktivitetar i gymsalen tysdagar og torsdagar 18:00 – 20:00 vil gå som normalt. Det same vil volleyballen i gymsalen på tysdagar gjere. 

På skeisebanen på Bordholmen stadion vil også aktiviteten gå som normalt. 

Det er framleis ledig tid i gymsalen ved Todalen skule torsdagane frå klokka 20:00 – 22:00. 

Så foreløpig kan vi seie at dei nye nasjonale smitteverntiltaka ikkje får dei heilt store konsekvensane for drifta av Todalen Idrettslag, men endringar i smittesituasjonen kan på kort varsel føre til endringar. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 8. desember 2021, 12:00