Laurdag 5. er det klart for Todalen Idrettslag sin tradisjonelle Todalsdag på Bordholmen stadion. Laurdag startar salet av loddar i Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteriet, som har trekning klokka 14:00 under sjølve Todalsdagen. Lodd kan kjøpast via Vipps 527926 og kvart lodd kostar kroner 20,-.
Som vanleg er det mange fine gevinstar også denne gongen. Her er det gåvekort frå Alti Surnadal, gavekort frå Svinvik gard, matkasse frå Norsk Kvalitetsmat, Powerbank og pulsmålar frå Svorka, sekk med meire frå SpareBank 1 Nordmøre, fotball frå Talgø, gåvekort på treningsabonnement frå Atleta og ein gevinst frå Hageland i Surnadal.
Laurdag 28. juni frå klokka 11:00 – 13:00 vil folk frå Økonomigruppa i idrettslaget ha stand på Matkroken Todalen for å selge lodd, så da håper dei at mange tek turen innom butikken og kjøper lodd!