I morgon startar førehandssalet på Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Trekninga blir under Todalsdagen den 26.juni. Førehandssalet startar på Matkroken Todalen klokka 10:00 i morgon og varer til 15:45. I år er det fem flotte premiar som blir lodda ut på Sommarlotteriet.
Gevinstane er:
- Gåvekort på kr. 5.000,- frå Talgø Invest som kan nyttast på Byggmakker Surnadal og Hageland
- Smartklokke
- Gåvekort på kr. 1.200,- frå Svinvik Gard
- Gåvekort på kr. 1.000,- frå ALTI
- Gåvekort på kr. 500,- frå Todalshytta
Kvart lodd kostar kroner 20,-. Du kan betale med vipps 527926 eller kontantar.
I tillegg til i morgon, vil det vere førehandssal av lodd på Matkroken Todalen fredag den 25.juni.
Ved å trykke på lenka «Sommarlotteri» kan du sjå plakaten for Sommarlotteriet.