Årsmøte i Todalen Idrettslag blir halde i Todalen Ungdomshus torsdag 15. mars 2018 kl. 19:00, melder styret i laget. Den fullstendige saklista for årsmøtet er ikkje klar enno, men det blir vanlege årsmøtesaker og eventuelt innkomne saker. – Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå seinast 8.mars. Innkomne saker må vera meldt til styret innan 1.mars.
Dette skal leverast skriftleg til leiar Steinar Frøystad, gjerne som e-post til: steinar.froystad@hotmail.com
Dei som vil seie frå seg verv i laget må melde dette til valkomiteen innan 1.mars. Dette kan gjerast skriftleg til leiar i valkomiteen, Carina Talgø. Eventuelt som e-post til: carina.talgo@talgo.no,
står det i meldinga frå styret i Todalen Idrettslag. Med linken nedafor kan du laste ned plakaten.