Våren er tradisjon tru årsmøtetid. Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte torsdag 25.mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort 18.mars.
Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast skriftleg til leiar Nils Ove Bruset innan 11.mars.
Oppseiing av verv må gjerast skriftleg til valnemnda:
- Rune Moe (leiar)
- Elinor Bolme
- Jorunn Nordvik
Frist for å seie frå seg verv er sett til 11.mars.
For å sjå innkallinga trykk på lenka: Innkalling årsmøte TIL