Vi har fått følgande kunngjering frå Todalen idrettslag:
Årsmøte i Todalen idrettslag blir heldt i Todalen ungdomshus fredag 12. mars 2010 kl 1930.
Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå fredag 5. mars.
Innkomne saker må vera komne til styret innan tysdag 2. mars. Eventuelle saker må vera skriftlege, alternativt vera sendt på e-post til leiar Nils Ove Bruset, nils-ove.bruset@svorka.net.
Dei som vil seie frå seg verv i laget må melde dette til valgkomiteen innan fredag 26. februar. Dette kan gjerast skriftleg eller pr. e-post. Leiar i valgkomiteen er Nils Ove Bruset.
Styret i Todalen idrettslag