Todalen Idrettslag har mykje papir og materiell som har vore teke vare på oppgjennom tida. Dette «arkivet» har vore meir eller mindre uorganisert, og det har ikkje vore lagt vekt på systematisk arivering eller sortering. Arkivet har heller ikkje hatt nokon tilgang til fast og varig plassering før no når arkivmaterialet er samla på biblioteket på Surnadal kulturhus. No er det behov for å sortere materialet og finne ut kva som skal takast vare på. Til dette trengs 2-3 personar som kan gå gjennom og sortere det materialet som er teke vare på.
I dagens «arkiv» finns det mykje materiale frå drifta av laget – både protokollar, rekneskapmateriell og informasjon av prosjekt og aktivitetar som har foregått i lagets regi. Deror er det ein fordel at om nokon som har vore aktivt med i drifta av laget kunne vore med. Det er alltid ein fordel å ha litt kjennskap til både prosjekt og drift oppgjennom tida når ein skal vurdere kva som har arkivverdig og kva som kan sorterast ut. Arkivarbeidet kan foregå i lokala til biblioteket i kulturhuset.
Dersom du har lyst til å delta i dette arbeidet eller er interessert i å høyre meir om arkivprosjektet, så kan du ta kontakt med Michal Heimlund som er leiar i Todalen Idrettslag – Michal har telefon 908 83 091.