Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen I.L. – tid for årsmøte

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. februar 2014

Vi er inne i ei tid med mange årsmøter i lag og organisasjonar. Torsdag 27. mars 2014 kl 1900 er tida koma for årsmøte i Todalen idrettslag, og det skjer i Todalen ungdomshus. Det blir vanlege årsmøtesaker, der detaljert saklista blir tilgjengeleg seinast 20. mars, melder styret i Todalen I.L.

Innkomne saker må vera meldt til styret innan torsdag 13. mars. Eventuelle saker må vera skriftlege, alternativt vera sendt på e-post til leiar Karin Halle, karin.halle@hotmail.com. Dei som vil seie frå seg verv i laget må melde dette til valgkomiteen innan torsdag 13. mars. Dette kan gjerast skriftleg til leiar i valgkomiteen, Terje Nordvik. Eventuelt på e-post: terjen@todalen.no

Her kan du laste ned plakaten som PDF-fil.

 

Publisert: 25. februar 2014, 22:23