Styret fikk fornya tillit da Todalen I.L. arrangerte årsmøte i ungdomshuset onsdag kveld. Elinor Bolme forset som styreleiar, medan Jenny fikk 2 nye år som kasserar. Med seg i styret har dei to Endre Talgø som er nestleiar som har eit år att, og Turid Sæter som har eit år att som sekretær. Justina Krajewska er ny leiar i Barne- og ungdomsgruppa, Bjørn Gunnar Ansnes har eit år att som leiar i Økonomi- og marknadsføringsgruppa, Sissel Halset Storslett har eit år att i Trim og allidrettsgruppa, og Lars Stensby har eit år att som leiar i Anleggsgruppa- drift og vedlikehald.
Årsmøtet starta med årsmelding frå hovudstyret og frå alle gruppene. Det var faktisk imponerande å høyre på oppsummeringa av aktivitetande som har gårr føre seg i alle gruppene gjennom det siste året. Det var ei lang oppsummering og dokumentasjon av ein kjempestor frivillig innsats i idrettslaget. Sjølv om idrettslaget ikkje har eit einaste fotballag å skilte med, så er det stor aktivitet og mykje som aktivitetar for medlemane gjennom heile året. Samtidig er det lagt ned ein stor innsats for å ta vare på anlegga som idrettslaget driftar – først og fremst Bordholmen stadion, men også lysløypa på Tjønnmyran, skihytta på Ørsalfjellet og ikkje minst ungdomshuset som laget driftar.
Økonomien er også på stell i laget, for Todalen I.L. har halvannan million på bok, og årets rekneskap kom ut med ein pluss på 100 000. Økonomien har vore god i laget sia slutten av 1900-talet, da fleire av Todalshelgane fylte opp kontoane i tilleg tilø store investeringa som nytt klubbhus og nytt lagerbygg på Bordholmen. Men sjølv om laget i dag ikkje klarer å stille eigne fotballag, så er det eit godt samarbeid med IL Søya og Surnadal IL som lag i aldersbestemte klassar. Størst aktiviteten er det faktisk i Trim- og allidrettsgruppa, som kan skilte med heile 13 817 trimturar som er registrert i det digitale registreringssystemet. I tillegg kjem mange reistreringar i StikkUT -turane til Friluftsrådet.
Sakene som ga mest debatt var faktisk styrets forslag om å bygge om klatrerommet i reiskapshuset til aktivitetsrom. Laget er ikkje lenger godkjent for å drifte klatrerommet, så det vil være fornuftig å få anna bruk på det rommet. Dette vart einstemmig vedteke. Meir debatt vart det om styrets forslag til å skrinlegge investeringa i nærmiljøanlegg på Bordholmen. Dette er det alt innvilga midlar til og her gikk årsmøtet mot styrets forslag – avrøystinga var 12 mot 10.
Nedafor har vi laga komplett oppsett av tillitsvalgte som er oppdatert etter årmøtet for 2023.