Lysløypa på Tjønnmyran er klar til bruk, melder Ståle Ansnes i driftsstyret for anlegg i Todalen idrettslag. I ettermiddag er traseen køyrt opp, så no er det berre å spenne på skiene og sette igang. Det er enkelte plassar litt lite snø, men etter kvart som vi får meir «påfyll» det komande døgnet så vi det bli fine forhold, seier Ansnes.
Den nye lysløypa ligg oppå Tjønnmyran, mellom Gammelfabrikken og Vestrum, og trase og lysanlegg vart ferdig i 2015. No er altså anlegget klart til bruk og det er det nok mange som sett stor pris på.