Driftsstyret for vinteranlegg, snøskuter og Skihytta informerer om drifta utover vinteren. Dei er ansvarlege for lysløypa, skihytta og for oppkjøring av skiløyper. I tillegg har dei løyve for leigekjøring på sørsida av bygda, medan Gunnar Nordvik har løyve for nordsida.
Lysløypa på Tjønnmyra
Det er no kome snø i lysløypa og det er kjørt opp spor i løypetraseen. Her er Ståle Ansnes ansvarleg for både brøyting av vegen og parkeringsplassen ved startområdet, samt oppkjøringa av løypa – med spor.
Skuterløyve i Todalen
Skihytta (v/skuterkomiteen) har etter søknad fått løyve saman med Gunnar Nordvik, til å drive leiekjøring av varer og vedforsyning til folk som behøver transport til hytter og setrer fjellet.
Todalen Idrettslag v/skuterkomiteen har løyve på kjøring på sørsida av Todalen, medan Gunnar Nordvik har løyve på nordsida. Løyve gjelder også for varetransport opp til Skihytta, der leigetakarar av Skihytta har ønske om det. Kjøringa er mot betaling til inntekt for Skihytta. Frå før har Todalen Idrettslag v/skuterkomiteen løyve til å kjøre opp forbruksvarer som ved, gass og driftsmidlar til Skihytta, og søppel, tomgods etc. ned til bygda igjen. Dette er det ingen endring på.
Turløyper
Todalen I.L. har også oppgåva å kjøre opp turløyper vinterstid, spesielt til helgene. Denne kjøringa er mot betaling frå kulturavdelinga i kommunen.
Løypetrasear som blir kjørt opp er:
Innerdalsmerket – Tresteinane
Tresteinane – Skihytta
Skihytta til parkeringsplassen i Øyalia.
Styret i Skihytta har sett opp følgjande vaktliste for kjøring av disse løypene:
Uke 3 Gunnar Nordvik Tlf. 992 50 450
Uke 4 Gunnar Nordvik
Uke 5 Ståle Ansnes Tlf. 901 62 280
Uke 6 Ivar Bolme Tlf. 928 84 614
Uke 7 Gunnar Nordvik
Uke 8 Ståle Ansnes
Uke 9 Ivar Bolme
Uke 10 Gunnar Nordvik
Uke 11 Ståle Ansnes
Uke 12 Ivar Bolme
Uke 13 Gunnar Nordvik
Uke 14 Ståle Ansnes
Leige av Skihytta:
Skihytta er som vanlig til utleie for både, ungdomar, private familiar, skoleklasser og andre grupper. Og det gjelder både idrettslagets medlemmer og utanbygds folk som ønskjer å leie hytta.
Prisen er pr. i dag kr 100,- pr døgn pr. person. (til dekning av ved og gass)
For medlemmer av Todalen idrettslag, er det pr. i dag gratis å leie hytta.
Utleie av Skihytta organiserast av Skihyttas formann Terje Nordvik tlf 9133 8052