I forbindelse med reforhandling av ny leiekontrakt på Bordholmen kallar styret i Todalen IL med dette inn til ekstraordinært årsmøte onsdag 13. november kl 19.00 i Todalen Ungdomshus.
I følge Todalen IL si lovnorm har styret fullmakt til å signere ny avtale med grunneigarane. Ny framlagt avtale gir nye økonomiske rammer for idrettslaget. Styret ønsker derfor at saka skal behandlas av medlemmane i eit ekstraordinært årsmøte.
Saklista til årsmøtet ser slik ut:
- Godkjenne dei som har stemmerett
- Godkjenne innkallinga
- Godkjenne saklista
- Velje dirigent
- Velje protokollførar
- Velje to medlemmar til å skrive under protokollen
- Godkjenne forretningsordenen, jf. § i Lov for Todalen Idrettslag og NIF sin forretningsorden
- Behandle sak om fornying av leigeavtale på Bordholmen mellom Todalen IL og grunneigarane på Kvendset (gnr. 137 bnr. 1, 2 ,3 og 4)
Enkel servering