Todalen Idrettslag melder at årsmøte for 2013 blir halde i Todalen ungdsomshus torsdag 21. mars kl 19.00. Der blir det vanlege årsmøtesaker, men komplett sakliste blir kunngjort seinast 14. mars. Last ned plakaten her.
Innkomne saker må vera meldt til styret innan torsdag 7. mars. Eventuelle saker må vera skriftlege, alternativt vera sendt på e-post til leiar Kari Kvendset, kari.kvendset@svorka.net. Dei som vil seie frå seg verv i laget må melde dette til valgkomiteen innan torsdag 7. mars. Dette kan gjerast skriftleg til leiar i valgkomiteen, Carina Talgø. Eventuelt på e-post: carina.talgo@talgo.no.