Årets høgdepunkt i Todalen historielag er boksleppet som skjer i midten av november kvart år. At det er stor interesse for lokalhistoria i Todalen er lett å sjå når premieren for årets årsskrift samla så mykje folk.
Årets årsskrift er som vanleg på rundt 80 sider med variert stoff frå lokalhistoria i Todalen og frå Nordvik. I årets skrift er det mykje stoff frå Nordvik, der det er omtale om skulen og om vasskraft i ulike former. I tillegg finn vi prologen og anna stoff frå opninga av Svinviktunnelen. I tillegg er det ein omfattande omtale av Todalshytta og minner frå glanstida for den engelske turismen på Nordmøre først på 1900-talet. Elles er eit kapittel med gamle bilde frå «Minneboka» og eit kapitel om Alf Ramsøy – og ans liv og virke som gardbrukar, idrettsmann og kulturberar. Jenny Kvndset som feira 100-årsdag tidlegare i haust har også fått sitt kapitel i heftet.
Det er Dordi Jorunn Halle som har vore redaktør av året årsskrift, og ho må få skryt for å ha levert eit produkt av høg kvalitet. I tillegg til Dordi har det vore fleire skribentar som har levert stoff til årsskriftet. Boksleppet vart spissa med musikals innslag av veterangruppa «The Invalidos» med Jon Bjarne Husby som kapellmeister. Dei sørga for å sette preg på arrangementet med sin gamaldansmusikk og hausta mykje applaus frå publikum. Bei bydde på gammaldansmusikk av både Jularbo og andre kjente komponistar – og dei hausta mykje applaus for det.
Det var sjølvsagt både traktering med kaffe og bakels med graut – og det var også utlevering av årsskrift til medlemane og sal av årsskriftet til dei som ville ha fleire. Årsskriftet blir no lagt ut for sal på Matkroken i Todalen og bokhandelen i Surnadal.
Bildegalleri frå søndagens bokslepp for Todalen historielags årsskrift for 2021. Alle foto: Jon Olav Ørsal