Søndag 20. november klokka 15:00 inviterer Todalen historielag til «bokslepp» i Todalen ungdomshus. Her vil historielaget sitt rykande ferske årsskrift for 2022, bli presentert. Det blir også utstilling av måleri måla av Olav Halse, yngre bror av Leif Halse, og sjølvsagt kaffe og bakels!
Årsskriftet frå historielaget, er det 21. i rekka, og inneheld mellom anna, historia om Nordvik og Drøpping forsamlingshus, kunstnar og musikar – Olav Halse, handverkar, jeger og fangstmann – Anton Myrvang, røysene på Øygarden på Nordvik, historia om Todalen ungdomshus og da Todalen Ungdomslag, i 1912, arrangerte Nordmørsstemne med to tusen tilreisande, som alle skulle ha mat og overnatting.
Elles inneheld årsskriftet 2022 mange andre interessante historiske historier frå Todalen og Nordvik.
Årsskriftet er inkludert i medlemskontingenten til Todalen historielag, og vil etter kvart bli sendt ut til alle medlemmer, som ikkje får henta dette på boksleppet i ungdomshuset. Årsskriftet kostar kroner 200, og vil bli lagt ut for sal på Matkroken Todalen, ARK Surnadal og ARK Sunndal, frå måndag 21. november. Det blir høve til å kjøpe både årets hefte og tidlegare hefte frå historielaget under arrangementet i Ungdomshuset.
Redaktør for årsskriftet har i år vore Dordi J. Halle. Ho har hatt med seg Wenche Østenby Kvendset, Anna Ingeborg Nordvik, Sissel Halset Storslett og Sven Olav Svinvik i skriftstyret.
Todalen historielag ønsker alle velkommen til «bokslepp» i ungdomshuset!