På ein knapp halvtime var årsmøtet i Todalen historielag gjort unna. Årsmelding og rekneskap gikk greit og ryddig unna og det var få spørsmål knytta til oppsummeringa av 2014. Men sjølv om årsmøtet er fort unnagjort, så har laget stor oppslutning i Todalen – «heile bygda» er med og laget kan skilte med heil 167 medlemar i årsmeldinga.
Todalen historielag kom på tampen av fjoråret med sitt årsskrift nr 13, med 84 sider lokalhistore mellom permane. I tillegg har dei i løpet av året arrangert både kulturvandring, historisk ettermiddagskaffe, temadag om Todalsfurua og det siste året har også historielaget etablet eiga facebook-side – generelt har det vore stor interesse og bra deltaking på arrangementa. Ledar i historielaget, John Moe, røpa også at årets kulturvandring blir arrangert rundt Kårvatn i løpet av våren.
Valget var også fort unnagjort, da heile styret og alle tillitsvalde tok gjenvalg ei ny periode. Styret har følgejande samansetning:
Leiar John Moe (attval)
Nestleiar: Dordi Jorunn Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Wenche Ø. Kvendset (attval)
Styremedlem: Svein Åge Saksen (attval)
Varamedlemar til styret: Sidsel K. Heimlund og Marit S. Søyset (attval)
Etter årsmøtet vart kvelden runda av med «historisk quiz» og kveldsmat