Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Elveeigarlag er klare for sesongopning i Toåa

Stig Husby Tysdag 14. juni 2022

Ved midnatt natt til onsdag opner fisket i Toåa, og set med det i gong ein sesong som skal vare til 15. august. Det er andre året i prøveordninga med ein samarbeidsmodell for laksefiske i Toåa, og no er både ivrige fiskarar og elvaaigarlaget spente foran årets sesong.

På Elveguiden.no selges det fiskekort i forskjellige rotasjonsgrupper, som gir fiskarane muligheten til å fiske i alle soner i elva.

Ein viktig del av ordninga er tiltak som er utført for å sikre betre adkomst til elva. Det er rydda stier langs elva, og hølene er no merka med skilt der navn på hølene står skrevet.

Dei siste dagane har det også kommet opp plakater med informasjon om fiskeregler på fleire språk, samt oversikt over rotasjonene for fisket.

Tove Talgø Brøndbo og styret i Todalen Elveeigarlag har vore i full sving dei siste vekene. Her plasseres det ut håv ved gapahuken i Båthølen. Foto: Stig Husby

Vi vil gjere fisket i Toåa til ein oversiktleg og triveleg opplevelse for alle fiskarar, både frå Norge og utlandet. No ser vi at utlendingane også er på plass, no seinast helsa vi på ein franskmann som er klar for sesongopning. Han har vore her i mange år tidligera også, fortel Tove Talgø Brøndbo i Todalen Elveeigarlag. Tove og resten av styret har saman med flere rettighetshavere gjort ein stor innsats for at alt skal vere klart til sesongopninga i Toåa. Det er solgt bra med fiskekort så langt i år, kan Tove fortelle.

Da er det berre å vente på napp og ønskje alle lykke til med fisket.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 14. juni 2022, 12:00 - Sist oppdatert: 13. juni 2022, 22:28