Vi har fått melding frå Todalen Elveeigarlag og formann Asbjørn Karlsen om at Todalen Camping førebur seg på ein ny sesong. Det planleggast opning frå 1. mai i år, og campingplassen vil bli dreve av Todalen Elveeigarlag.
Det blir med Laila Kvendset som ansvarleg, og for bestilling og informasjon kan Laila nås på telefon 93083455.
Campingplassen ligg ved sia av Bordholmen stadion, og sanitæranlegget er dermed lokalisert i klubbhuset til Todalen Idrettslag.
Campingplassen blir ofte bruka av fiskarar som besøker bygda, men er sjølvsagt open for alle besøkande.
Sal av fiskekort i Toåa står også snart for tur, og vi kjem snart med oppdatert informasjon om dette, fortel Asbjørn Karlsen i Todalen Elveeigarlag.