Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen bombes! – oppdatert

Todalen bombes! – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 9. august 2013

Det er nok ikkje så dramatisk som det høres ut for. Heli kopteret som vi har venta på i fleire dagar er no kome til bygda, og har sett igang med å vassbombe for å renske omm i rasområdet. Dette er trinn 1 i arbeidet med å sikre rasområdet, slik at ein kan kome i gang med oppryddinga i rasområdet. Todalingane må være førebudd på at det kan kome ein strømstans i forbindelse med dette arbeid, dersom linja blir treft av stein.  Vi vil halde saka oppdater utover dagen.

Vassbombinga av rasstaden kom i gang i 12-tida fredag, og vil halde fram så lenge det er formålstjenlig. Det er eit Super Puma helikopter fra Førdeselskapet Airlift som er hyra inn til å utføre den jobben. Dei vil halde på til ein kan gå inn med mannskap for å sette i gang manuell rydding. Dette arbeidet er det Bjerkvikfirmaet Betong renovering Drift som skal utføre. Frå i dag fredag er dei eit mannskap på 3, men over helga kjem det meir mannskap for å forsette jobben når helikopteret er ferdig.

Helikopteret starta vassbombinga i nedre del av rasområdet for å rense ut, slik at det som kjem ovafrå kan gå rett i sjøen etter kvart. Dette gjelder nederste 2/3 av rasområdet. Deretter vil ein starte ryddinga ovafrå og arbeide seg nedover til sjøen. Dette arbeidet blir gjort for å sikre området, før vegvesnet kan starte ryddinga av veien inn til raset. Deretter vil arbeidet med å lage ny veg over rasområdet starte. Denne prosessen vil nok ta litt tid, men det er i dag umuleg å si kor mange dagar/veker dette arbeidet vil ta.

I løpet av dagen er det kjørt inn atskillige mengder med vatn, og sjølv om vatnet ikkje har klart å flytte på dei største steinblokkane er det vaska ut mykje jord og stein som ligg på dei mange avsatsane oppover rasområdet. Det er vanskeleg å seie kor lang tid det tek før helikopteret er ferdig med jobben.

Bilder frå vassbombinga og førebuingane – Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. august 2013, 12:36