I løpet av ei veke er det godt med besøk på Hett og Svett. Mondagskveldane er det garantert å treffe folk der, for då er ein gjeng velvaksne karar oppmøtt for å få fart på blodpumpa, og ha det litt artigt i lag. Terje Nordvik er primus motor, og har naturleg vis ikkje skofta ein einaste gong!
![image](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/01/image5.jpeg)
Tredemøllene får fart på føtene til karane. Instillingane er mange og kan varierast etter behov. Terje er som snarast bortom elipsemaskina.
![image](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/01/image4.jpeg)
Balansen må haldast ved like skal kroppen fungere til dagleg fortel Terje. Som legg til at det faktisk blir betre for kvar gong.
![image](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/01/image3.jpeg)
Men det viktigaste er kaffekoppen og noko attåt mellom øktene. Nokon har forsøkt å hinte om at julebrøda ikkje passar seg, men det bryr dei ikkje nevneverdig.
![image](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/01/image6.jpeg)
Terje serverer til Jon Olav, Lars og Torkjel. De er samstemte i at treninga kjem i andre rekkje. Men med litt trening kan dei med god samvittigheit også ta eit lite marsipankakestykkje meir som ein bonus…