I dag var det klart for den festdagen ei offisiell opning skal være. Med vêrgudane i beste stemning vart det ei kjempefin presentasjon av det flotte anlegget. Koronarestriksjonane klarte ikkje å legge nokon dempar på stemninga, men reduserte sjølvsagt talet på deltakarar. Den offisielle opninga var derfor skalert ned til å kunna arrangerast innafor gjeldande regelverket, med sponsorar, støttespelarar, partnarar og sjølvsagt prosjektleiinga frå Todalen Idrettslag og andre involverte.
Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen Idrettslag samla troppane på Bønnavollan der turstien starta og ønska velkomen til vandring ned til hovudanlegget i Båthølen. Her kunne Michal Heimlund som har vore prosjektleiar orientere om arbeidet som faktisk hadde sin spede start i grendelaget før prosjektet vart starta i regi av Todalen Idrettslag. Første fase av arbeidet gjekk med til å få formalitetar på plass, slik som avtaler med berørte grunneigarar og det var aktuelt å få med andre lag og organisasjonar på prosjektet. Prosjektleiinga møtte velvilje med sitt arbeid og snart var prosjektet i full gang.
Prosjektet Toåa tursti går frå Bønnavollan via Slåttøya, Båthølen og vidare om Gunnøya og heilt ned til Halsabrua. Heile prosjektet var kostnadsrekna til ca 1,3 mill. og er i dag fullfinansiert. Prosjektet har fått 550.000 i tippemidlar, og i tillegg har prosjektet fått tilskot og sponsormidlar frå fleire kantar. I tillegg er det gjennom basarar, minnegåver og gjennom 1300 timar dugnadsarbeid skaffa til saman 170.000 kroner. Grunnarbeidet starta i fjor haust og er fullført no i vår og prosjektet har klart å halde tidsplana for opning 14. juni og være klart til laksefisket startar i natt. Ein del av prosjektet har vore å bygge ein universell utforma fiskerampe med tilhøyrande gapahuk. Denne er utforma med tanke på bruk av funksjonshemma og er den første av sitt slag her i kommunen. Her kan nemnast at Surnadal Jeger& Fisk har bidrege med 100.000 til dette prosjektet. Vegen frå Bønnavollan har også litt ekstra bredde med tanke på bruk av elektrisk rullestol og sikker tilkomst til Båthølen.
Andre betydelege bidragsytarar utafor Todalen kan nemnast Norske 4H/Gjensidigestiftinga, Olav Thonstiftinga og sjølvsagt mange lokale bidragsytarar. Anleggsarbeidet i heile turstiprosjektet er utført av Per E. Gjeldnes Maskin, som fikk mykje skryt for utføringa og evna til å finne praktiske løysingar. Leiar i Todalen I.L. takka alle som har delteke med pengar, arbeid eller på anna måte og en spesiell takk til prosjektgruppa som har bestått av Michal Heimlund, Elinor Bolme, Carsten Bohle og Ståle Ansnes i tillegg til Nils Ove Bruset.