Ivar Bolme kan fortelje at det no er mogleg å gå heile Toåa tursti, både med og utan ski. Det er brukt snøscooter for å tråkke sjølve turstien, slik at det er mogleg å gå på føtene, medan det på sida av turstitraseen er laga skispor, for dei som heller ønsker å bruke ski.
Ivar kan også fortelje at det er laga ei skidåre frå steinbenken ved Toåa nedanfor Viastua. Denne skidåra går via Austigarden på Kvennset til Bekkerhagen og ned til starten på Toåa tursti på Bønnavollan.
Todalen Idrettslag tek sikte på å halde desse traseane operative utover vinteren. når føreforholda tillet det.
Både Toåa tursti og lysløypa på Tjønnmyra er turmål i Stikk UT! Vinter, som vart lansert no i desember.
Så da er det berre å ønske alle god tur, anten ein vel ski- eller fottur!