Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa – opnar for laksefiske igjen frå midnatt

Jon Olav Ørsal Fredag 25. juli 2025

Frå midnatt, natt til laurdag, blir det opna for laksefiske igjen i Toåa.  Vasstemperaturen er gått ned og vassføringa er på veg opp igjen, dermed er det forsvarleg å opne oppatt for laksefiske, seier leiar i Todalen Elveeigarlag Stig Husby til Todalen.no.

Høg vasstemperatur og lita vassføring gjorde at elva var stengt for fiske i 4 døgn.  Vi har no fått ei vêrforandring som gjer at forholda i elva er på veg til å bli normalisert.  Neste veke vil det bli meir nedbør og da kan vi fakstisk rekne med at det blir fine forhold for fluefiske i Toåa, seier Husby.

Gapahuken i Båthølen – Her er det fiskerampe med universell utforming. Foto Jon Olav Ørsal

 

Husby fortel at fiskekorta ligg klare for sal på Elveguiden.no, og det er observert bra med fisk i elva i det siste.  Så her er det berre å ta sats for å prøve på laksefiske i Toåa igjen.  Til no er det teke 29 laksar på gjenomsnitt 3,8 kg i Toåa – dei alle fleste på flue viser laksebørsen for Toåa

Publisert: 25. juli 2025, 09:54