Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa – ny og utvida sesong like rundt hjørnet

Jon Olav Ørsal Fredag 12. april 2024

Todalen Elveeigarlag førebur ny sesong med laksefiske i Toåa.  Den største nyheita er nok at sesongen ser ut til å bli utvida med 4 veker.  Det vil seie at sesongen startar frå 1. juni – altså 2 veker tidlegare og varer til 31. august, som er to veker lengre enn i fjor.  Dermed er sesongen og tida likt med Surna- og Søyavassdraga.

Leiar i Elveeigarlaget, Stig Husby, fortel at styret har lagt ned eit stort arbeid med å få ny sesong på plass.  Dette har skjedd i samarbeid med Miljødirektoratet og Norske Lakseelver.

Det har vore lagt ned mykje arbeid i elveeigarlaget – her frå stamfiskarbeidet i Toåa. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Stort ansvar for laksestammen
Men sjølv om det blir utvida sesong, så kviler det eit stort ansvar både på elveeigarane og på fiskarane for å unngå overbeskatning av laksestammen og vil krevje ein innsats med tanke på overvaking av bestand og kontroll på fisketrykk.  I samband med opplegget for sesongen skal to medlemar i styret delta på landssamling i Norske lekseelver komande helg.  Det skjer på Gardermoen, og her står mange viktige saker på agendaen – mellom anna ein grundig gjennomgang av regelverk og fangstreguleringar.

Startar salet av fiskekort i dag
I dag kl 12:00 startar salet av fiskekort for sesongen 2024.  Det skjer på Elveguiden.no, og her kan du sikre deg fiskekort gjennom den utvida fiskesesongen i Toåa. 

Publisert: 12. april 2024, 10:44