Regnvêret i natt og i dag gjorde nok underverker for laksefisket – til no er det teke 2 laksar i Toåa i dag. Ein ho-laks på 5,9 kg som vart teken i Nedre Skjorahølen i ettermiddag og ein hanlaks på 2,1 som vart teken ved Steinutgarden i ettermiddag. Begge vart sett ut igjen, og får ein ny sjanse.
Vassføringa ved Storfossen er kl 17 på vel 10 m3/sek, og det er tydeleg at det hjelper på med litt betre vassføring etter kvart. Det ryktas at det er god stemning på Todalshytta etter at det er gjort 2 nye fangstar i ettermiddag og det blir også sagt at det er bra med fisk som er på veg oppover elva. Det er no meldt regn i fleire dagar framover, så her gjelder det å få ut snøre……