Det var eit unormalt stort spenn i alderen mellom yngste og eldste deltakar på strikkekaffen i dag – yngste deltakar var Mattea Teilgård Hoem som hadde med seg gammeltante Anne Helene som konsulent og rådgjevar – til eldste deltakar som var Jenny Kvendset, som vanleg. Tilsaman var det 16 deltakarar som var samla i Sanitetshuset, og vi passa på å ta turen innom akkurat da det var kaffeservering, med nystekte bakels og prima fyrstekake til kaffen.
Mattea hadde lagt att bundingen heime, med med god hjelp av gammeltante Anne Helene vart det ny bunding, og var alt godt i gang med den. Kva den nye bundingen skulle bli var ikkje heilt bestemt, men ho hadde nok ein ide, forstod vi. Mattea er ei aktiv dame på 12, som ikkje berre har strikking som hobby. Ho spelar også fela kunne ho fortelje, og går no andre sesongen på kulturskulen. Ho har eiga fele og akkurat no held dei på og øver inn Reodors ballade frå Flåklypa. Kanskje Mattea tek med fela på neste strikkekaffe i sanitetshuset?
Faste programpostar utenom kaffeservering er lynlotteri – i dag var det Ingeborg Talgø og Synnøve Talgø som var lotterisjefar, og dei hadde mange gevinstar å by på, så det var sikkert eit omfattande loddsal, med trekning på tampen av dagen.