Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To premierar på Surnadal kino i helga

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. juli 2023

Ein skal leite lenge etter større kontrastar enn Oppenheimer, «far» til atombomba, og Barbie. Men kritikarane ser ikkje den store forskjellen: begge filmane har fått svært gode kritikkar!

OPPENHEIMER

Surnadal kino viser Oppenheimer på premieredagen, fredag 21. juli klokka 19:30, filmen som også har eit lite norsk bidrag i form av Trond Fausa (Aurvåg). Filmen handlar om J. Robert Oppenheimer, som iherdig deltek i eit kappløp frå 1943 om å lage ei atombombe, før Nazi-Tyskland klarar å gjera det same. Og drivkrafta er å få ein ende på verdskrigen.

Ein kan ramse opp i det vide og breie om alle dei kjente skuespelarane som er med, men namnet på regissøren er kvalitetsstempel godt nok: Christopher Nolan har filmar som «The Dark Knight», «Inception» og «Dunkirk» å vise til. Og kan nok ein gong bade i gode kritikkar: «Strålende krigsbiografi» (NRK), «fengslende, blendende» (Dagbladet) og «filmperle uten en eneste kjedelig scene» (Kinomagasinet).

Oppenheimer går også søndag klokka 19:30, tysdag klokka 12:00 (honnørrabatt på denne, for dei som har rett på slik) og torsdag klokka 18:00.  

Billetter til OppenheimerOppenheimer

 

BARBIE

Og så skulle ein tru den andre premierefilmen i helga, Barbie, blir meir som ein parentes. Men filmen er ikkje utilsikta glatt og flau: «BARBIE er en leken og frisk blanding av hyperkommersiell nostalgi og selvbevisst satire som bader i sol, sterke farger og plast», skriv NRK og landar på fem på terningen – og som ikkje skil seg frå andre meldarar: «en av årets beste og mest rosa filmer», skriv Bergens Tidende og Dagbladet følger opp med å kalle filmen ein «latter- og tankevekkende konfettikanon». Kort sagt: Margot Robbie og Ryan Gosling stiller ikkje i kva som helst, så ikkje undervurder BARBIE (og Ken)…

Barbie går først søndag 23. juli og så tidleg som klokka 17:00. Same tid onsdag og torsdag går den på dagtid klokka 13:00.

Billetter til Barbie

 

MISSION IMPOSSIBLE

Også filmen Mission Impossible har gått ei stor veke no, men den er langt frå ferdig. Besøket har vore strålande, og dei som ikkje har sett filmen, får sjansen igjen tysdag 25. juli klokka 18:00 og onsdag 26. juli klokka 19:30.

Billetter til Mission Inpossible

 

ELEMENTAL

Og les du dette før torsdag 20. juli klokka 18:00, er det også mogleg å få med seg animasjonsfilmen Elemental. For på ei helg der Oppenheimer møter Barbie, er alt moleg!

Billetter til Elemental

Publisert: 20. juli 2023, 12:27