Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To nye bekrefta smittetilfelle

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. desember 2021

Kommuneoverlegen i Surnadal kommune, fekk i går kveld melding om to nye bekrefta smittetilfelle. Dette informerer Surnadal kommune no i føremiddag i ei pressemelding, som er underskriven av kommuneoverlege Bjørn Buan. 

Det eine smittetilfellet er knytt til smittesporing etter deltaking på landbruksmesse. Det andre er knytt til utanlandsreise. Alle har gjort akkurat som dei skulle, berørte nærkontaktar er sjekka ut og situasjonen er under kontroll, opplyser Surnadal kommune i pressemeldinga. 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 6. desember 2021, 11:55