Onsdag 8. mai kan Surnadal kino skilte med to Norgespremierar, når vi får eit gjensyn med den ganske bortskjemte katten Pusur i filmen Pusur-filmen og Kingdom og The Planet of the Apes. Pusur-filmen blir vist klokka 18:00, medan Kingdom of the Planet of the Apes blir vist klokka 20:00
Pusur den verdenskjente, måndagshatande og lasagnelskande innandørskatten er i ferd med å ha eit vilt utandørs-eventyr! Etter ei uventa gjenforeining med sin far – den rufsete gatekatta Vic – blir Pusur og hans hundeven Jølle tvungne frå deira perfekte og bortskjemte liv, til å bli med Vic på ein morsom og risikofylt aksjon.
Kingdom of the Planet of the Apes
Kingdom of the Planet og the apes er ein ny film i den episke filmserien. Fleire hundre år etter Caesars storheitstid har mange apesamfunn vekse fram, medan menneska lever i skuggen. Nokre apegrupper har aldri høyrt om Caesar, og andre har forvrengt læra hans for å bygge eigne imperier. Den unge apa Noa legg ut på ei reise for å finne friheit etter at klanen hans blir tekne av apeleiaren Proximus Ceasar for å bruke dei som slaver i jakta på menneskeleg teknologi. Noa begynner å stille spørsmål om apenes tilhøve etter at han møter ei ung kvinne som viser seg å ha hemmelegheiter om menneskeleg teknologi. Ho blir nøkkelen til det Proximus Caesar leitar etter.
Billettar til Kingdom of the Planet of the Apes
Heile kinoprogrammet ser du på kulturhuset si heimeside surnadal-kulturhus.no