Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To norgespremierar på Surnadal kino i romjula

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. desember 2022

Romjula er vanlegvis ei populær tid for å ta seg ein tur på kino. Ved Surnadal kino kan dei skilte med to norgespremierar på i romjula. Det er filmane «Kampen om Narvik» og «Folk og røvere Kardemomme by». «Kampen om Narvik» er ein film som eigentleg hadde premiere i 2020, men som har vore utsett på grunn av korona og krigen i Ukraina.  «Folk og røvere i Kardemomme by» er ein animasjonsfilm som bygger på Torbjørn Egner si bok med same namn. 


«Kampen om Narvik»

OM FILMEN: «Kampen om Narvik», skulle vise seg å bli Hitlers første nederlag, i april 1940. Den gryande krigen i Europa verker fjern for nordmennene, men verdas augo er allereie retta mot Narvik som skipar ut jernmalmen Hitler er avhengig av for å halde det tyske krigsmaskineriet i gang. Natt til 9. april blir Norges nøytralitet krenka og tyske soldatar går i land. Bykommandanten overgjev Narvik utan kamp, men ikkje alle er villige til å legge ned våpena. Eit kompani på 200 norske soldatar bløffar seg ut av byen og tek opp kampen. Blant soldatane finn vi den unge korporalen Gunnar Tofte, som får sin elddåp i kamp mot dei profesjonelle, tyske alpejegerane i fjella. I Narvik blir Royal Hotell, der kona hans, Ingrid Tofte arbeider som stuepike og tolk, tyskarane sitt nye hovudkvarter. Frå skyttargravene er det enkelt å vite kven som er ven og kven som er fiende. Frå den sivile sida er biletet meir komplisert.

«Billetter til Kampen om Narvik»


«Folk og røvere i Kardemomme by»

 

OM FILMEN: Her får vi sjå Thorbjørn Egner si folkekjære forteljing om Kardemomme by, i ein splitter ny animasjonsfilm for heile familien! Møt dei tre røvarane, tante Sofie og politimester Bastian i denne energiske og fargesprakande filmen, og høyr alle dee kjente songane i ny drakt. 

«Billetter til Kardemomme by»


 

Publisert: 21. desember 2022, 13:00