Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tjuvstarta Stangvikfestivalen med forspel

Tjuvstarta Stangvikfestivalen med forspel

Jon Olav Ørsal Fredag 30. juli 2010

Stangvikfestivalen tjuvstarta på Pakkhuset Kro i Todalen torsdag kveld, og vil halde det gåande til søndag med eit omfattande og variert program i Stangvika. Pakkhuset Kro var fullsett til siste plass med rundt hundre tilhørarar når Torbjørn Larsen ønska velkomen til forspel for Stangvikfestivalen 2010. Han kunne by på fleire godbitar denne kvelden, og broren hans Anders Larsen var først ute i kveldens program med å spela «Polka med støyt» etter todalingen Hallvard Ørsal.

Vidare gikk det slag i slag, med Håkon Thelin som spela Klimaslåtten på sin kontrabass. Klimaslåtten var komponert av festivalkomponisten Maja Ratkje og vart førte gong framført på ein klimakonferanse tidlegare i år. Vidare var det Zumetrio med Trond Magne Brekka (fløyte), Kristin Jæger (Bratsj) og Johannes Wik (harpe) som fortsette programmet.

Neste post på programmet var musikk frå Seven Winds der Rolf-Erik Nystrøm fekk høve til å imponere tilhørarane med sin litt utradisjonelle handtering av saksofonen. Anders larsen og Else Bø avslutta første avdeling med sin tolkning av Beethovens Sonate op. 30 nr 3 i G-dur i tre akter.

Etter pausen slapp trioen Piong til på scena. Det var Rolf-Erik Nystrøm (saksofon), Håkon Thelin (kontrabass) og Frode Haltli (trekkspell) som var for sterka med festivalkomponisten Maja Ratkje (song og fiolin). På eit par av numra vart dei også forsterka med Trygve Brøske og Elsa Bø. Piong & co imponerte stort med sin musikk, og hausta stormande applaus frå publikum som tydeleg lika det dei fikk høre. 

Konsertkvelden var runda av med «Song til Todalen» som allsong, og som vart akkompagnert av heile musikarstaben frå kveldens konsertprogram. Dette lova godt for resten av festivalprogrammet og publikum har mykje å gle seg til under Stangvikfestivalen 2010 fram til søndag.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå festivalforspelet på Pakkhuset Kro i Todalen.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. juli 2010, 03:00