Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Tjuvstarta» feiringa av det nye året

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. januar 2025

På årets siste dag, inviterte Todalen Idrettslag i samarbeid med Todalen bøgdalag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion, slik at dei yngste kunne få vere med på fyrverkeri utan å måtte vere oppe til midnatt. 

Koseleg under «tidleg»-fyrverkeriet på Bordholmen stadion. Foto: B G Ansnes

Litt over tretti småe og store møtte opp og fekk vere med på fyrverkeriet. Det var dei som møtte opp som hadde med seg fyrverkeri og stod for oppskytinga av det.

Fint fyrverkeri. Foto: B G Ansnes

Turid H. Sæther og Svein Håvard Brøndbo ordna med gløgg, noko som gjorde godt, da det var litt kaldt. Eller, eigentleg ikkje, gradestokken viste «berre» 1 blå, men vi er ikkje vant med slik «kulde» lenger, så litt gløgg for å få litt varme i kroppen gjorde godt. 

Da er det klart for 2025. Foto: B G Ansnes

Eit bra arrangement som det bør vurderast å arrangere i åra som kjem!

Publisert: 1. januar 2025, 10:04