Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tjuvstart på sesongen på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 26. april 2015

Turistsesongen med døgnope på Todalshytta blir det frå 15. juni, men Eric Malling fortel at det blir ein tjuvstart alt frå månadsskiftet mai/juni med kjendisgjestar på hytta. Elles er både ny grill og ny oppvaskmaskin på plass på Todalshytta.

DSC_6922

Frå venstre Eric Malling og Jan Larsen. I månadsskiftet mai/juni får dei kjendisar på besøk på Todalshytta. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det blir ein litt spesiell start på sesongen på Todalshytta i år, fortel drivar og turistvert Eric Malling ved Todalshytta. Han tjuvstartar sesongen med ei gruppe komponistar- og tekstforfattarar som kjem til Todalen og Todalshytta med sin låtskrivarverkstad.  Det er NOPA – Norsk forening for komponistar og tekstforfattarar og GramArt, som er Noregs største interesseorganisasjon for norske artistar, som støttar dette prosjektet og som har lagt dette til Todalshytta.

Det skjer første veka i juni, og dei kjem til Todalen søndag 31. mai med buss frå Værnes, og kjem til å ha Todalshytta som base for prosjektet utover den veka. Måndag 1. juni er det Henning Sommero som opnar seansen.  Gruppa skal skrive både tekster og musikk – etter egne tankar – og kjem til Todalshytta – og Todalen for å få inspirasjon og Malling seier at folk ikkje må bli forbausa om dei treffer på komponistar eller låtskrivarar på Storhaugen, ved Nauståfossen eller i fjæra denne veka.

Etter opplegget skal dei bruke onsdagen til å førebu ein konsert, og onsdag kveld vil dei invitere publikum til konsert på Gammelfabrikken ved Storfossen. – Kanskje vi får oppleve urframføring av vekas produksjon – inspirert av Todalen og Todalshytta, gliser Malling.  I fortsettinga seier han at han godt kan tenke seg at dette blir ein utekonsert med akkompagnement frå Storfossen, men vêret og temperaturen vil nok være avgjerande for om det går an.

Han fortel vidare at det på turen til Todalen blir med profesjonell videofotograf, som skal forevige og dokumentere det som skjer den veka dei blir i Todalen. Og da er heller ikkje vegen lang for at TV-kanalane kan være interessert i dette, men det skal i alle lages ein promoteringsfilm for Todalshytta i denne samanhengen. Han fortel også at han på sikt satsar på eit samarbeid med Vårsøghelga om denne aktiviteten, dersom prosjektet blir vellukka.

Foreløpig held Malling deltakarliste inntil brystet. Mange er deltakarar er klare,  men han ventar på dei siste bekreftingane, men han seier at Amund Maarud og Tor Ivar Bekken etter alt å dømme vil fungere som eit slags husband i samband med arrangementet. Men dette får vi meir informasjon om etter kvart.

Todalshytta  sesongopnar som sagt 15. juni, og ventar da ein ”flying start” i samband med laksefisket i Toåa, som og startar den dagen. Malling fortel at han alt har fleire laksefiskarar på bookinglista til laksestarten. Før sesongopninga skal også Todalshytta leiges ut til ei gruppe frå Røros, som kjem til Todalen på fotballsamling, seier Erik Malling, som saman med kompisen Jan Larsen har vore i Todalen for å klargjere hytta til sesongen. Det er gjort ei lita oppgradering av kjøkkenet, der mellom anna ei ny og effektiv oppvaskmaskin er montert.  Det ser ut til å bli ein aktiv sesong på Todalshytta denne sumaren, og vi fortsett i sesongen med dei populære ”balldagane” på tysdag, og vi ser også fram til å fyre opp nygrillen til gjestane, seier Malling til slutt.

Publisert: 26. april 2015, 22:00