I løpet av dei par siste vekene, har nokon stjåle alle lysa på ei gravemaskin, som har stått parkert i hyttefeltet på Øygarden på Nordvik. Det var LED lys på gravemaskina, og det er tydeleg at tjuvane har vore ute etter akkurat dette, for anna dyrt utstyr som GPS og liknande er ikkje stjåle.
Folk frå Surnadal Lensmannskontor har i dag vore på staden for å få sikra spor. Dei ber tillegg om at, dersom nokon har observert mistenkeleg aktivitet i området dei to siste vekene, tek kontekt med politiet på telefon 02800.